Ørsta IL Fotball

FFO

FFO

I lista til høgre finn de søknadsskjema til FFO for 2017.

Ørsta IL har frå skuleåret 2014/15 starta opp fotballfritidsordning i Ørsta gjennom Telenor Xtra. Her er nokre opplysningar om kva dette vil inneheld:

 

Tilbod

  • Tilbodet vil gjelde for alle elevar frå 2. - 7. klassetrinn i opptil fem dagar i veka.

  • Tilbodet vil gjelde for følgande skular: Velle skule, Hovden skule, Dalane skule, Vikemarka skule og Åmås friskule.

  • Det vil bli gitt eit ekstratilbod i vinter- og haustferiane, samt veka før skulestart. Her vil dei barna som går på FFO bli prioritert ved stor pågong, men det vil vere mogleg for andre å delta dersom vi har kapasitet. 

  • Første veka etter skuleslutt vil ein få gratis antal dagar som borna er påmelde FFO.

 

Prisar finn de i søknadsskjemaet til høgre på sida. .

Vi vil oppmode dei som er usikre om å søke på begge deler i og med at fristen for vanleg SFO går ut 1. april, medan vi ikkje opererer med denne fristen på FFO. Her har ein til mai før ein må bestemme seg endeleg. Vi ynskjer likevell å få inn søknadar så fort som mogleg slik at vi tidleg får ei oversikt over dei som kunne tenkje seg å delta. Dersom ein ønsker å kombinere FFO med vanleg SFO tilbyr vi eigne rabattar for dette slik at prisen ikkje skal kome i veien. Ta kontakt for meir informasjon om dette.

 

Praktiske opplysningar

  • Barna vil verte henta utanfor skulen sin ved skuleslutt og skyssa til klubbhuset i Ørsta.

  • Mat er inkludert i prisen. Dette består av eit sunt måltid ved starten av FFO-tida, og eit fruktmåltid etter endt aktivitet.

  • Alle ungane ved FFO vil få tilbod om leksehjelp.

  • Fotballfritidsordninga vert ein del av Telenor Xtra si satsing. Dei har per idag over 70 slike FFO'ar over heile landet. Meir om kva dette innebærer kan de lese om her

  • I tillegg til kvalitetssikra aktivitetar og trening frå Telenor Xtra freistar vi å legge opp til eit variert tilbod med mykje andre aktivitetar som friidrett, turn, turar og liknande.I ørsta har vi stor tru på allsidig aktivitet. Ein treng ikkje om å vere fotballspelar for å benytta seg av dette tilbodet!

  • Borna vert sosialiserte på tvers av alder og skular. 

 

For spørsmål ta kontakt med Frode Følsvik via e-post, ffo.orstafotball@hotmail.com eller pr telefon 93202449 .


--------------------------------------------------------------------------------------
Ørsta IL Fotball
Postboks 158
6151 ØRSTA

--------------------------------------------------------------------------------------
Telefon: 70067758
E-post:
leiar.fotball@tussa.com
--------------------------------------------------------------------------------------
 

 


 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift