Ørsta IL Fotball

FFO Extra

FFO Extra

 FFO Extra

 

 

(Meir info kjem)

I samarbeid med Ørsta FFO ønskjer vi å komme med eit nytt tilbod for dei eldste. FFO Extra er eit ekstratilbod for alle ivrige jenter og gutar frå 5. til 7. klasse som ønskjer ei eller to ekstra fotballtreningar i veka.

FFO Extra konseptet vil til dels være identisk med dagens FFO, men deltakara på FFO Extra trenar, et mat og gjer lekser ilag for å gi dei ei litt anna form for oppmerksomheit og fokus

Treningane vil det hovudsakleg også bli eit litt anna fokus enn på FFO og vi kjem til å ta hensyn til at aktiviteten på lagstreningane stig i denne aldersklassa. Tillbodet vil vere eit enda meir spesifisert og fotballrelatert tilbod, med eit større fokus på basis, teknisk og taktiske ferdigheite som er alfa og omega i denne alderen. 

 

- Vi nyttar TV-stova som opphaldsrom og garderobe

- Måltid rett etter skuletid og frukt etter trening. (Alternativt eit ekstra måltid for dei som skal vidare på anna aktivitet)

- Treningane vert hovedsakleg ute om der er forhold, alternativt i kiwihallen.

- Fokus på basisferdigheit og speleforståing.

- Sosialisering på tvers av aldersgrupper og skular

- Leksehjelp etter treninga for dei som ynskjer det.

- Ikkje for harde treningar med tanke på aktivitet seinare på dagen.

 

Prisane vert 20% rabatterte av vanleg FFO pris.

1 dag – 640,-

2 dagar – 960,-

 

For spørsmål ta kontakt med Frode Følsvik via e-post,ffo.orstafotball@hotmail.com eller pr telefon 93202449 .


--------------------------------------------------------------------------------------
Ørsta IL Fotball
Postboks 158
6151 ØRSTA

--------------------------------------------------------------------------------------
Telefon: 70067758
E-post:
leiar.fotball@tussa.com
--------------------------------------------------------------------------------------
 

 


 

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products