Ørsta IL Fotball

Kvalitetsklubbarbeid i samhnadling med dei 15 kvalitesklubbane

Kvalitetsklubbarbeid i samhnadling med dei 15 kvalitesklubbane

Kvalitesklubbsamling i Oslo 27-29.10-2017

Vi var på kvalitetsklubbsamling i Oslo frå fredag den 27.10 til søndag den 29.10-17 Tema for fredag var; Heilskapleg og likeverdig tilbod til alle i klubben, med gruppearbeid. Ragnhild Carlsen, dagleg leir i Ski IL-fotball helt eit interessant foredrag om korleis dei har organisert sin klubb(mange gode idèar), etter lunsj var tema; Trenarveilederrolla, eit fantastisk innlegg ved Øyvind Larsen, mykje latter undervegs. Siste post på programmet var ei omvisning på Vålerenga sitt nye anlegg, Intility Arena, eit fantastisk flott, heilskapleg, anlegg. Først var vi inne i hjarte av stadion kor dagleg leiar, Morten Grødahl, hadde eit innlegg med tema; Slik bygger vi klubb. Ein fantastisk flott dag, gode relasjonar mellom klubbane skapast og vidareutviklast med ein middag på Victoria klokka 2000. Neste dag starta vi opp klokka 0930 med tema; Trenerveilederrolla i min klubb, etter pause hadde Tore Jarl Bråteng innlegg om Jentefotball i Grei, og korleis dei har lykkes med si satsing på jentefotball, eit veldig interessant og informativt innlegg. Her var det mange idèar å ta med seg heim til eigen klubb. Etter ei lita pause så jobba vi i grupper, vi hadde same grupper gjennom heile helga, med tema jentefotball, nok eit godt og konstruktivt gruppearbeid. Lunsj og avreise til Gardermoen var dei neste postane på programmet. Vi reiser heim med mange gode idèar, innspel og ikkje minst nye relasjonar å spele på i arbeidet med kvalitetsklubb. neste post på programmet for min del, er nettverkssamling for kvnner på Hareid den 14.november2017.

Kan sjå biltet under nyheiter.


--------------------------------------------------------------------------------------
Ørsta IL Fotball
Postboks 158
6151 ØRSTA

--------------------------------------------------------------------------------------
Telefon: 70067758
E-post:
leiar.fotball@tussa.com
--------------------------------------------------------------------------------------
 

 


 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift