Ørsta IL Fotball

Informasjon

Informasjon

Her kjem redigert infoskriv etter tilbakemeldingar frå nokon lagleiarar, tusen takk, alltid nyttig med innspel. Kjem Dykk på meir, send meg ein e-post(nekstad31@gmail.com), eg vert glad for alle tilbakemeldingar det er ikkje alltid det teng å vere positivt, det kan vere korregksjonar etc. så lenge ein er konstruktiv så er det viktig å kome med innspel. 

/kx/188/files/Informasjon%20til%20lagleiarar%202.docx

 

Informasjonsskriv Lagleiarar

 

Som lagleiar har du ansvar og oppgåver knytt til det laget du er laglaiar for. Det medfølger ein del arbeid å vere lagleiar, difor anbefaler vi at eit lag danner eit lagleiarteam som fordeler viktige oppgåver knytt til drift av laget gjennom sesongen. Det er viktig at ein     til ei kvar til veit kor ein finn naudsynt utstyr, veit kor ein skal henvende seg for å få førstehjelpsskrin og kor dette kan fyllast opp, kor er så hjørneflagga og markeringsbanda eg treng for å gjennomføre ein kamp. Når laget skal ha kiosk, må eg ha nøkkel, kan eg låne den nokon plass? Kampvertvestar, kor finn eg dei, kva gjer eigentilg ein kampvert?

 

Kor finn eg ting eg treng og kven kan eg kontakte om eg lurer på noko

 

Kva?

Når?

Kven gjer det?

Kor finn eg det eg treng?

Kven kan eg kontakte?

Legge inn laget i Fiks

Før sesongstart, etter at laget er meldt på i serien

Lagleiar med ansvar for fiks

 

Monica Sætre 480 24 874

Legge inn i KX-web

Etter 1.foreldremøte, då har du fått all informasjon du treng

Lagleiar med ansvar for kx-web, du må ha tilgong

 

Rigmor Nekstad  412 74 247

Arnstein Sandvik 416 88 741

Draktene

Før seriestart i god tid, slik ein får oversikt over kor mange og kva som manglar

Det er lurt å ha eigen draktansvarleg på laget

Draktene for 6-12 år er det Aldersbestemt som har kontroll på

Drakter frå 13 - A-lag dame/herre, er det Arnstein Sandvik som har kontroll på

Tov Lerheim 990 05 131

 

 

Laga bytter seg imellom, her må vi ha ei god ordning - forslag?

Leige av buss

Bussen kan nyttast til kamp, det er slik at seniorlaga, samt junior har oppsett buss på alle kampane sine, vert det kollisjon må det laget som har kortast køyreveg skaffe privatbilar. Alle lag kan tinge leige av buss.

Lagleiar, til dømes,  med ansvar for køyrelister

(ein betalar ikkje noko for reise av bussen, men den skal ha full tank når ein henter den og full tank når ein leverast)

(Kan då vere greitt å ta 50 per.spelar til å dekke drivstoff, og resten på lagskonto)

Nøkkel må hentast på kontoret til Arnstein Sandvik

Arnstein Sandvik 416 88 741

Rigge bane

Før kamp

Kampverten-ane

Hjørneflagga står i allrommet, linjedommarflagga ligg på knaggene i gangen på klubbhuset. Sneller med «tråd» til å merke bana ligg óg i ballrommet.

Kampvert

Klubbklede, eit tips; om kjøp av keeperhansker er på; keeperhanskar.no  Hanskar av god kvalitet.

 

Ditt eige ansvar, sjå eige punkt om keeperhanskar

Intersport, alle har 25% på Umbro, og fotballrelaterte artiklar

Intersport AS(som før var G-sport) Alle som jobbar der veit om avtala.

Aktiv trening i Ørsta

 

Ditt eige ansvar

Alle som er trenarar og lagleiarar i Ørsta får trene på aktiv for 250,00 per mnd.

Aktiv trening

Nøkkel

Ved sesongstart

Ditt eige ansvar

 

Porshad Hafezi 936 84 801

Dommarar

J/G6 - J/G12 må ein skaffe dommarar sjølv

Lagleiar har ansvar for å skaffe dommarar til kampane

Det skal ligge oppdatert liste over alle dommarane i klubben på heimesida, under fanen dommarar

Dommaransvarleg Jan Erik Bratteberg 980 31 085

 

Å reise på cup

  • Alle lag får dekt påmeldingsavgift for eit lag frå 12 år og oppover, ønskjer laget å melde på fleire lag, må laget sjølv ta ansvar for påmeldingsavgifta. Ellers dekker alle spelarar sin del av opphaldet. Det vert presisert frå klubben kva Cupar dette gjeld.

Reiser

  • Når ein reiser på kamp, eller turnering så betaler ein reisa sjølv. Det aller lurte er å samle inn pengar for å kjøpe eit fargekort, dette er rettferdig og det reduserer kostnadane på reise betraktelig gjennom sesongen. Det er Lagleiar som har ansvar for fergekortet og å følge med på økonomien kring dette. Når ein nyttar bussen så skal denne vere oppfylt med drivstoff når Du/Dykk overtek nøkkel og den skal vere oppfylt med drivstoff når Du/Dykk leverer den attende.

Møtepunkt for lagleiarar

  • Vil bli lagt opp til to møter i løpet av sesongen.  Vi skal også legge inn aktivitet i årshjulet.
  • Oktober inneverande år;  oppsummering og nytt apparat kring laget på plass
  • Januar påfølgende år; Ein sjekk før sesongstart, gjennomgang av oppgåver og ymse anna ein lurer på.

Keeperhanskar

  • Klubben dekkjer keeperhanskar som ein får etter avtale på Intersport, om nokon ønskjer å kjøpe eigne anbefalast det å kjøpe desse på keeperhanskar.no

Nøkkel

  • Du må kontakte hovedlaget for å få utdelt nøkkel, du må betale eit depositum på 200,00, dette får du att når du leverer nøkkelen attende. Denne nøkkelen passar både til klubbhus, ballrom og kiosk. Når du skal låse opp døra til klubbhuset må du nytte den «rare»nøklen som heng i ei lenkje på høgre side, den passar i nøkkelholet oppom sjølve «låsen» på døra, på dørbladet(dette var ikkje så godt forklart).

Årshjul

  • Eg syns det er ein god ting at laga har eit årshjul, det er faste postar som står på årshjulet kvart år, så fyller ein inn det som er naudsynt og det ein syns er viktig, foreledremøte, oppstartsmøte, spelarmøte, dugnader kiosk, køyring til bortekamper mm. Eg skal legge ut ein mal, så nyttar ein den , eller lagar sin eigen. Det som er viktig er at ein har kontroll på kva som skal skje til ei kvar tid og at foreldra har noko å forhalde seg til.

Dommarar

  • Kretsen sett opp dommarar på kampane, frå J/G13 år og oppover, det er likevel naudsynt at lagleiar går inn og sjekkar om det er oppsett dommar, om det ikkje er oppsett dommar så må ein gå inn på kretsen sine sider og sjå etter ledige dommarar, eg skal legge ein link inn på heimesida. Om ein ikkje får tak i dommar, eller dommar ikkje dukkar opp, så skal kampen spelast for ein kvar pris, då kan kven som helst dømme denne kampen, om det så er ein tilskodar, fordel med litt fotballforståing og erfaring.
  • Når det gjeld dommarar for 6-12 år, så må lagleiar sjølv skaffe dommar, då skal det ligge ei oppdatert liste på heimesida; Sportsleg, Dommarar, om ikkje må ein kontakte Jan Erik Bratteberg

Ymse å tenkje på

  • Det er viktig at vi ikkje dobbelbookar foreldre. Det vil seie er ein trener eller lagleiar for andre lag skal ein ikkje belastast med meir oppgåver enn ein klarer. Det er Silk at det må takst omsyn til einskilde høve. Til dømes, når ein vasker draktsett gjennom heile sesongen så skal ein sleppe å stå i kiosk, eller bli belaste med køyring, det same gjeld for andre oppgåver. Det er slik at dette ordnar ein innad i «sitt lag», ein må spele på lag med kvarandre, slik ein skapar eit godt klima.
  • Det kan også vere kjekt å ha ei sosial samankomst for foreldra slik ein lærar kvarandre å kjenne, det er viktig med godt nettverk og gode relasjonar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


--------------------------------------------------------------------------------------
Ørsta IL Fotball
Postboks 158
6151 ØRSTA

--------------------------------------------------------------------------------------
Telefon: 70067758
E-post:
leiar.fotball@tussa.com
--------------------------------------------------------------------------------------
 

 


 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift