Tora Ose tatt ut til Landsdelsamling.

Ørsta IL fotball gratulerer så mykje, og ynskjer lukke til.

Tora Ose, Kine Strande og Signe Vinjevoll tatt ut på Fylkeslag.

Ørsta IL fotball gratulerer og ynskjer lukke til!

Kvalitesklubbsamling i Oslo 27-29.10-2017

Vi var på kvalitetsklubbsamling i Oslo frå fredag den 27.10 til søndag den 29.10-17 Tema for fredag var; Heilskapleg og likeverdig tilbod til alle i klubben, med gruppearbeid. Ragnhild Carlsen, dagleg leir i Ski IL-fotball helt eit interessant foredrag om korleis dei har organisert sin klubb(mange gode idèar), etter lunsj var tema; Trenarveilederrolla, eit fantastisk innlegg ved Øyvind Larsen, mykje latter undervegs. Siste post på programmet var ei omvisning på Vålerenga sitt nye anlegg, Intility Arena, eit fantastisk flott, heilskapleg, anlegg. Først var vi inne i hjarte av stadion kor dagleg leiar, Morten Grødahl, hadde eit innlegg med tema; Slik bygger vi klubb. Ein fantastisk flott dag, gode relasjonar mellom klubbane skapast og vidareutviklast med ein middag på Victoria klokka 2000. Neste dag starta vi opp klokka 0930 med tema; Trenerveilederrolla i min klubb, etter pause hadde Tore Jarl Bråteng innlegg om Jentefotball i Grei, og korleis dei har lykkes med si satsing på jentefotball, eit veldig interessant og informativt innlegg. Her var det mange idèar å ta med seg heim til eigen klubb. Etter ei lita pause så jobba vi i grupper, vi hadde same grupper gjennom heile helga, med tema jentefotball, nok eit godt og konstruktivt gruppearbeid. Lunsj og avreise til Gardermoen var dei neste postane på programmet. Vi reiser heim med mange gode idèar, innspel og ikkje minst nye relasjonar å spele på i arbeidet med kvalitetsklubb. neste post på programmet for min del, er nettverkssamling for kvnner på Hareid den 14.november2017.

Klubbkveld/ekstraordinært årsmøte 15.nov.

Det vert klubbkveld/ekstraordinært årsmøte onsdag 15.nov. kl.19.00 på Ørsta Rådhus, møterom Vartdalsfjord. (Inngang på oppsida av rådhuset)

Leiarkurs

Dette seier NFF om leiarkurs, og det er viktig at vi deltek på desse kurs, det er med på å gjere bevisst den rolla klubben har og den rolla du har, eller ønskjer på sikt å ha.

Gratis delkurs for kvinner - Gratrostrenaren

Heisann Ein gylden moglegheit for oss damer til å ta eit delkurs, meld Dykk på eg vert med :-) gje med beskjed på mail: nekstad31@gmail.com

Grasrottrenaren

Som Dykk veit er grasrotrenaren godt i gong, her kjem ei oversikt over dei kursa som ein fortsatt kan delta på, og Hugs alle Dykk, trenarar, som ikkje har kurs, Dykk må på kurs, finn deg ein dato, som passar, samle ein gjeng, velg ein bil, køyr saman til samling, gjer det kjekt og sosialt.

EKSTRATRENING 9-12 år.

Vi vil også i år, i samarbeid med Volda, ha tilbod om ekstratrening for jenter/gutar i alderen 9-12 år.

Besøk våre lagsider

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift