NY BANEPLAN.

Ny baneplan gjeldande frå mandag 17.april ligg no i baneplanen.

Ny baneplan gjeldande frå mandag 17.april, ligg no på heimesida vår. 6-8 år er lagt inn med 1 trening i veka, 9 år og eldre er lagt inn med 2 eller 3 treningar.Vi har prøvd å ta hensyn til dei ønska vi har fått. Vi har forsøkt å legge treningane til andre dagar enn den vekedagen ein spelar flest kampar. I år avviklar vi langt fleire kampar enn tidlegare, då fleire yngre lag er med i seriespel. Det er derfor lagt opp til at få lag trenar i Kiwihallen i tidsrommet 18-19.30. Dei som har fått treningstid denne tida, er også lagt inn med tid på kunstgraset på Velleskulen, og må trene der om det er kamp i Kiwihallen. Om nokon lag MÅ bytte treningstid, ynskjer vi at de prøver å bytte internt mellom laga. Alternativet er å trene i helga. Når grasbana er klar vil den vere eit alternativ. Vi oppfordrar alle lag om å samarbeide så godt som mogleg når ein deler bane i Kiwihallen eller på kunstgrasbana (Som har fått namnet Aurstad Arena).

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products