Ørstalaga har starta godt i DanaCup.

Ørsta stiller med 2 guttelag i årets DanaCup. Eit i 15 og eit i 16-års klassa. I tillegg stiller Ørsta samarbeidslag med Volda i klassene G17 og G19. G17 har slått SandnesUlf 8-0 og Olympiacos Academic frå USA 2-0. G19 laget har slått Mandalskameratene 2-0 og Voss 1-0.

Vi har fått denne rapporten frå Vidar Liaskar-trenar for G15 og 16 saman med Tommy Synnes:

 

Ørsta g15: Første kamp var mot Kopervik frå Karmøy. Vi opna bra, der Sigurd scorte den perfekte hattrick i løpet av 15min. Det første på haudet, det andre med høgra og det siste med venstra. Sverre Orten la på til 4-0 før det blei pause. Etter pause var det stålkontroll og Eskil Nes scorte to mål, og Andreas Schjetne og Lasse Rebbestad fekk eitt kvar. Andre kamp var mot det tyske laget Buchholzer FC. Ørsta leda 2-0, etter at kaptein Sverre Orten hadde scora begge. Ein kamp med mykje gule kort, og til slutt to raude. Eitt til kvart av laga. Buchholzer spelte faktisk ei stund med elleve mann sjølv om dei hadde ein mann utvist(!). På slutten så scorar tyskerane to mål, og kampen enda med poengdeling. Tredje og siste kamp i gruppespelet er mot Ottestad kl.12:30 i dag.

Ørsta g16: Første kamp var mot Madla IL. Dette var ein veldig jamne kamp, der det kunne gått begge veger. Men etter ei flott kontring av Ørsta, der Ådne Sundnes satt inn 1-0, så var dette nok til å ta tre poeng. Andre kamp var mot det rumenske laget Castelano Bisisitra. Her var det einvegskjøring frå start til slutt. Det enda til slutt med 11-0 til Ørsta. Og dermed er Ørsta klare for A-sluttspelet. Tredje kamp er mot Eik-Tønsberg. Eik-Tønsberg er også klare for A-sluttspelet. Så her blir det kamp om 1.plassen i gruppa. Kampen er kl.16:30 i dag.

 
©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products