EKSTRATRENING 9-12 år.

Vi vil også i år, i samarbeid med Volda, ha tilbod om ekstratrening for jenter/gutar i alderen 9-12 år.

Er du fødd i 2005, 2006, 2007 eller 2008 og har lyst til å trene litt ekstra fotball? Vi er klar for ei ny runde med Ekstratrening. Treningane blir laurdagar kl 10.30-12.00 i Mørehallen i Volda. Påmeldingsfrist er satt til måndag 16.oktober 2017, med oppstart laurdag 21.oktober. Vi har maks kapasitet på 60 deltakarar, så her er det” fyrst til mølla” som gjeld for alle! Den siste treninga vil bli ei ”dobbel” økt med ei miniturnering, lek og mat. Ekstratrening er eit samarbeidsprosjekt mellom klubbane i Volda og Ørsta, og er ope for ALLE treningsivrige jenter og gutar, uavhengig av nivå, frå Austefjord, Dalsfjorden, Folkestad, Hovdebygda, Mork, Sæbø, Vartdal, Volda, Ørsta og Åmdal.

Det er meininga at Ekstratrening skal vere eit tilbod i tillegg til treningar med eige lag/klubb, og vi forventar full innsats og fokus på treningane. Her møter spelarane nye utfordringar i eit nytt treningsmiljø, der vi fokuserer på teknikk, basisferdigheiter og smålagsspel. Ekstratrening kan også vere ein kjekk møteplass for trenarar på tvers av lag og klubbar. Vi satsar på å få til eige keepergruppe på dei fleste samlingane.

Link til påmelding finn de her: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSef7uvGjpmeEbu9DTagCKpkGNGqmhr98EZTqo35GdeeqQma-w/viewform                            Påmeldingsavgift er kr 500,- for heil plass ti økter (den siste treninga vil bli ei ”dobbel” økt) og kr 350,- for fem økter. Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med Tom Malins, koordinator for Ekstratrening Ørsta/Volda, på mail tom@vti-fotball.no eller mob. 91723206. Melder du deg på halv plass, tek du direkte kontakt med koordinator for å avtale kva for laurdagar som passar best.

PS! Ta med eigen fotball 

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products