Aktivitetsveke i vinterferien 2018

Ørsta FFO inviterar til ei veke med mykje variert aktivitet i vinterferien!

 

Aktivitetstilbod vinterferien

 

ØIL FFO ynskjer å invitere jenter og gutar frå 1. til 7. klasse til å vere med på aktivitetsveke i vinterferien 19. - 23. februar. Vi gjennomfører fem dagar med variert aktivitet som til dømes fotball, innebandy, turn, friidrett og meir. Vi held til på klubbhuset i Ørsta og disponerar Kiwihallen og Ørstahallen heile veka.

Vi skal og ha ein skidag på Bondalseidet. Der vert det ei langrennsgruppe, ei gruppe i barnetrekket og ei i det store. For dei borna som ynskjer å benytte seg av skitrekket har vi fått ordna med skulekort slik at prisen vert rimelig. Om veret er bra vert dette onsdag.

Ein dag vil gjerne sjå slik ut:
 

08.00 – 09.00: Oppmøte og frukost.

09.00 – 10.00: Roleg start på dagen med spel inne eller fri aktivitet i ein av hallane.

10.00 – 12.00: Aktivitet gjennomført av instruktørar

12.00 – 13.00: Lunsj

13.00 – 15.00: Aktivitet med instruktørane

15.00 – 16.00: Frukt og roleg avslutning på klubbhuset for dei som vil det.

Pris pr. Deltakar: 1 dag 300 kr. 3 dagar 700 kr. 5 dagar 1000 kr.

 

For påmelding send e-post til frode_folsvik@hotmail.com innan fredag 16.02.

 

Dette er eit tilbod som er åpent for alle men dersom det er svært stor pågang vil ein prioritere dei som allereie går på FFO.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift