Tine Fotballskule 2018

Årets fotballskule vert arrangert 25.06 - 29.06 kl. 08.30 - 15.00 alle dagar

Også i år vil Ørsta IL Fotball arrangere eigen fotballskule i samarbeid med Tine veka etter at skulen har tatt sommerferie.
Fotballskulen er åpen for alle, både gutter og jenter, i alderen 6 tom 12 år, og har vore veldig populær tidligere år, noko vi også trur årets skule vil bli. Fotballskulen starter kl. 08.30 kvar morgen og avsluttes kl. 15.00.
Alle deltakara får t-skjorte,sekk og fotball av god kvalitet. Det vert servert mat alle dagar.
Det blir ei kjekk veke for jentene og gutane. 5 dagar fylt med aktivitet, konkurranser med hovedvekt på det sosiale. I tillegg jobbar vi med besøk frå ein toppklubb.

Prisen er 1200,- for fem dagar eller 800,- for tre valfrie dagar. 

Link for påmelding finn de her: https://kxweb.no/portal/public/event/signup.do?siteId=188&eventId=34848
NB! Det har vore problem med systemet då ein melder på via mobiltelefon. Bruk helst data, nettbrett eller tilsvarande når de melder på. 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift