Ørsta IL Fotball

FFO

FFO

Ørsta IL Telenor Xtra fotballfritidsordning (FFO)


Tilbod 2. - 7. klasse:

  • Tilbodet gjeld for alle elevar frå 2. - 7. klassetrinn i opptil fem dagar i veka.
  • Tilbodet gjeld for følgande skular: Velle skule, Hovden skule, Dalane skule, Vikemarka skule og Åmås friskule.
  • Det blir gitt eit ekstratilbod i vinter- og haustferiane, samt veka etter skuleslutt. Her vil dei barna som går på FFO bli prioritert ved stor pågong, men det vil vere mogleg for andre å delta dersom vi har kapasitet.


Praktiske opplysningar

  • Barna blir henta utanfor skulen sin ved skuleslutt og skyssa til klubbhuset i Ørstahallen.
  • Mat er inkludert i prisen. Dette består av eit sunt måltid ved starten av FFO-tida, og eit fruktmåltid etter endt aktivitet.
  • Alle ungane ved FFO får tilbod om leksehjelp.
  • Fotballfritidsordninga er ein del av Telenor Xtra si satsing. Dei har per idag over 70 slike FFO'ar over heile landet. Meir om kva dette innebærer kan de lese om her
  • I tillegg til kvalitetssikra aktivitetar og trening frå Telenor Xtra freistar vi å legge opp til eit variert tilbod med mykje andre aktivitetar som friidrett, turn, turar og liknande.I ørsta har vi stor tru på allsidig aktivitet. Ein treng ikkje om å vere fotballspelar for å benytta seg av dette tilbodet!
  • Borna vert sosialiserte på tvers av alder og skular. Dei vil bli kjent med fleire born frå andre fotballmiljø. Dette skapar større forutsetningar for fair play og gode relasjonar for framtida.


Søknad:

Søknad gjennom elektronisk søknadsskjema under fana "FFO" i menyen.
Søknadsfrist for nytt skuleår på FFO er 1. april.
Løpande opptak ved ledige plassar gjennom året.


Prisliste:

Prisliste finn de i eiga fane under "FFO"


For spørsmål ta kontakt med Frode Følsvik via e-post,ffo@orstail-fotball.no eller pr telefon 93202449 .

Ørsta IL Fotball
Postboks 158
6151 ØRSTA

Telefon: 416 88 741
E-post:
leiar@orstail-fotball.no

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift