Ørsta IL Fotball

FFO Extra

FFO Extra


Ørsta IL fotballfritidsordning Extra (FFO Extra)


Tilbod 5. - 7. klasse:

I samarbeid med Ørsta FFO har vi eit ekstratilbod for alle ivrige jenter og gutar frå 5. til 7. klasse som ønskjer ei eller to ekstra fotballtreningar i veka.
FFO Extra konseptet er til dels identisk med dagens FFO, men deltakarar på FFO Extra trenar, et mat og gjer lekser ilag for å gi dei ei litt anna form for oppmerksomheit og fokus
Treningane har eit litt anna fokus enn på FFO og det blir tatt omsyn til at aktiviteten på lagstreningane er høgre i denne aldersklassa. Tillbodet er meir spesifisert og fotballrelatert, med eit større fokus på basis, teknisk og taktiske ferdigheite som er sentralt i denne alderen.

  • Vi nyttar TV-stova som opphaldsrom og garderobe (fram til fleirbrukshallen er klar)
  • Måltid rett etter skuletid og frukt etter trening. (Alternativt eit ekstra måltid for dei som skal vidare på anna aktivitet)
  • Treningane vert hovedsakleg ute om der er forhold, alternativt i kiwihallen.
  • Fokus på basisferdigheit og speleforståing.
  • Sosialisering på tvers av aldersgrupper og skular
  • Leksehjelp etter treninga for dei som ynskjer det.
  • Ikkje for harde treningar med tanke på aktivitet seinare på dagen.


Søknad:

Søknad gjennom elektronisk søknadsskjema under fana "FFO" i menyen.
Løpande opptak ved ledige plassar gjennom året.


Prisliste:

Prisliste i eiga fane under "FFO"


For spørsmål ta kontakt med Frode Følsvik via e-post,ffo.orstafotball@hotmail.com eller pr telefon 93202449 .

Ørsta IL Fotball
Postboks 158
6151 ØRSTA

Telefon: 416 88 741
E-post:
leiar.fotball@tussa.com

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift