Ørsta IL Fotball

Referat frå møtene

Referat frå møtene

Møte 28.november 2018. 
Allre trenarar og sportsleg utval jente var innvitert. På møtet skulle vi diskutere vegen vidare og lage ei handlingsplan for jentesatsinga i klubben. Vi diksuterte tre eller femårs plan. Vi hvamna på at ei treårs plan var fornuftig i høve satsingsområdene i NFF. Vi søkte på midler i høve jentesatsing, søknaden betinga at vi hadde ei handlingsplan for klubben og ein strategi for korleis vi skulle nå målsettinga. Dette arbeidet var konstruktivt og utviklande. Vi måtte ha ei plan vi kunne stå inne for og at tiltaka var mogleg å gjennomføre. Handlingsplana finn Dykk under fana, Sportsleg, Sportsleg utval jente og handlingsplan. 

Takk for eit konstruktivt og flott møte. Takk for innsatsen til alle.

 

Møte 03.12-2018

I dag hadde vi møte kor vi konstituerte oss, fordelte oppgåvene og vart einig om at vi ønskjer å knytte til oss einskilde personar i høve bestemte oppgåver som er i høve tiltaksplana. Det aller viktigaste no er å få på plass trenarteama kring alle laga. Vi hadde innvitert Henning Nygård til møtet og sett utruleg stor pris på bidraget han vil gjere framover. Arbeidet er allereie i gong. Vi har tatt mål av oss til å ha på plass alle trenartema i utgongen av desember. Eg oppfordrar alle til å lese årshjulet i høve kva som skjer til ei kvar tid. Vi jobber for å få inn ein til to medlemmar til i utvalet. 

Tusen takk for eit konstruktivt og inspirerande møte.

Ørsta IL Fotball
Postboks 158
6151 ØRSTA

Telefon: 70067758
E-post:
leiar.fotball@tussa.com

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift