Planlagde aktivitetar i 2019

Oversikt over dugnadsinnsats foreldre

Vi ønskjer å rette ein takk til alle foreldre i Ørsta IL Fotballgruppa, tusen takk for alle dugnadstimane Dykk legg ned i løpet av eit år, Ørsta IL fotball er heilt avhengig av foreldregruppa i klubben bidreg på aktivitetar som gjev kjærkomne inntekter til klubben. Her kjem ei foreløpig oversikt over aktivitetar som allereie er planlagt i 2019, vi tek atterhald om at det kan kome endringar i planlagt oppsett.

Kiwi- Hallcup
Jenter/Gutar 10/11 og Jenter/Gutar 16. Foreldre frå nemde lag har ansvar for dette arrangementet. Lagleiara frå dei ulike laga sitt i komitè som har ansvar for arbeidsfordelinga.

Russedisco 10.mai/ Dans 11.mai
Vi har ein arrangementskomitè som fordelar oppgåvene ut til kvart lag. Alle lag deltek på dugnaden.

17.mai
Informasjon kjem i god tid før arrangementet. Kvart lag har sine oppgåver. Her gjer vi som vi alltid har gjort.

September
Fotballgruppa sel skrapelodd frå NFF(Norges fotballforbund). Dei laga som skal selje skrapelodd slepp å selje julekalendrane i november.

November
Sal av julekalender frå NFF.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift