Xtra-trening 2019 (oktober-desember!

Er du fødd i 2007, 2008, 2009 eller 2010 og har lyst til å trene litt ekstra fotball? Vi er klar for ei ny runde med xtra-trening!

Det vert 8 treningar før jul og tidspunkta for øktene vert fas laurdagar kl 10.30-12.00 i Mørehallen i Volda. Det vert ikkje Xtra-trening laurdag 30.11.19 då det er Eat-Move-Sleep cup i Volda. Ein køyrer difor ei dobbeløkt med turnering 14.12.19, som vert siste før juleferie.

Hovedansvarleg for øktene vil vere Arild Hagen Bakke (FFO-ansvarleg og tidlegare A-lagstrenar i Volda) og Lars-Petter Rønnestad (FFO+ansvarleg og a-lagstrenar i Volda). Kristian Lillebø vil vere ansvarleg for keepertrening på øktene.

Påmeldingsfrist er satt til tysdag 22.oktober 2019 kl 23.59, med oppstart laurdag 26.oktober. Vi har maks kapasitet på 60 deltakarar, så her er det" fyrst til mølla" som gjeld for alle!

Xtra-trening er eit samarbeidsprosjekt mellom klubbane i Volda og Ørsta. Øktene er opne for ALLE treningsivrige jenter og gutar, uavhengig av nivå, frå Austefjord, Dalsfjorden, Folkestad, Hovdebygda, Mork, Sæbø, Vartdal, Volda, Ørsta og Åmdal. Det er meininga at xtra-trening skal vere eit tilbod i tillegg til treningar med eige lag/klubb, og vi forventar full innsats og fokus på treningane. Her møter spelarane nye utfordringar i eit nytt treningsmiljø, der vi fokuserer på teknikk, basisferdigheiter og smålagsspel. Xtra-trening kan også vere ein kjekk møteplass for trenarar på tvers av lag og klubbar.

Påmeldingsavgifta er følgjande (NB! Bindande påmelding!):

500kr for dei 8 fyrste øktene (heil plass)
350kr for 4 økter (halv plass)

Totalt i løpet av hausten/vinteren vert det 16 økter, men påmelding for dei 8 siste øktene vert gjort rundt nyttår. Dei 8 fyrste treningane vert i Volda og dei 8 siste vert i Ørsta.

Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med Arild Hagen Bakke, koordinator for xtra-trening Ørsta/Volda, på mail arild@vti-fotball.no. Melder du deg på halv plass, tek du direkte kontakt med koordinator for å avtale kva for laurdagar som passar best.

PS! Ta med eigen fotball!

 

Påmeldingsskjema:

https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLScuo17-vPZ1GrZritFt2JfUcabYsR1XqwdJWqineDA8wKAYIA/viewform

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift